Hovudutstillingar 2015

Jøran Flo opnar ny utstilling

Utstillingsdato: 26.07.2015

Bakketunet er svært stolte over å kunne opne ei ny hovudutstilling med Jøran Flo søndag 26. juli.

Dramatisk vestlandsnatur og symbolsterke skildringar av menneskekroppen er sentrale motiv i måleria og grafikken til Jøran Flo. Han høyrer til ein nye generasjon kunstnarar som arbeidar innan eit klassisk formspråk, men som har funne si eiga form uavhengig av trendar og motretningar. I vinter har Flo produsert ein serie nye grafiske verk, som saman med dynamiske landskapmaleri blir stilt ut i kufjøset og i røykstova i Bakketunet.

I kammerset er det smykkekunstnar Karine Munch frå Oslo som stiller ut denne søndagen. Med seg til det romantiske kammerset har ho små smykkeskulpturar som kan spore sin inspirasjon frå blømande landskap og bygningar, eller kanskje eit Kadinsky- måleri?

Karen Rosenberg Olsen og Torkjell Hovland står for det musikalske innslaget med sommarleg tonar av nordisk klassisk musikk.

Denne søndagen serverer vi rjomegraut frå utekjøkkenet i Retrosalongen, og vi har kaffi og sommarlege kaker i røykstova frå 1549. 

Opninga skjer kl. 13, men dørene i tunet vil vere opne frå kl. 12. 

 

Les meir