Anngjerd Rustand er tildelt Hjørundfjordstipendet 2013

Utstillingsdato: 29.06.2013

Hjørundfjordstipendet 2013 gjekk til den bergensbaserte billedkunstnaren Anngjerd Rustand (f. 1984). I byrjinga av juli kjem ho til Hjørundfjorden for å jobbe med utstillinga som opnar søndag 29. juli. 

Rustand som er utdanna ved Kunsthøgskolen i Bergen og Kungliga Konsthögskolan i Stockholm, arbeider med ei rekke ulike uttrykksformer, som skulptur, installasjon, teikning, tekst, måleri og publikasjonar. Nokre sentrale element i arbeida hennar er reise, tid og naturfenomen, og dei spelar gjerne på kontrasten mellom eit menneskeleg og eit geologisk perspektiv. Det siste året har ho hatt soloutstilling på Entrée i Bergen og blant anna delteke på gruppeutstillingar ved kim? Contemporary Art Centre i Riga, Hordaland kunstsenter og nyopna Kristiansand kunsthall.
 

Rustand er med i kunstnergruppa Ytter, som står bak ulike kunsthendingar og utstillingar, samt nettsida ytter.no.


Bidragsytarar til stipendet er Ørsta kommune og Galleri Bjørk. Nytt av i år er at Sagafjord Hotell sponsar kunstnaren med eit opphald på hotellet. Dermed får kunstnaren oppleve meir av den magiske fjorden. Opphaldet i Hjørundfjorden skal resultere i ein kunstnarisk produksjon som vert presentert i Bakketunet som del av utstillingsprogrammet sommaren 2013.


I 2012 var det Marthe Aune Eriksen frå Skien som var tildelt stipendet. Opphaldet hennar resulterte i ein serie landskapsfotografi der merksemda var retta mot dei funksjonslause kulturlandskapa som nærmast ligg der usynlege. Kvivsveg-utbygginga stod sentralt i hennar val av motivkrets.