Astri Eidseth Rygh med ny hovudutstilling

Utstillingsdato: 03.08.2014

Søndag 3. august opnar ei ny hovudutstilling i kufjøset med måleri av Astri Eidseth Rygh. Ho har også laga ein installasjon i tunet.

Eidseth Rygh seier ho lenge har vore fasinert av naturen sine innslag av det kunsten nemner som abstrakt. I dyreriket er det nok å la seg inspirere av når det gjeld både mønster, flekkar, udefinerte former og fargekombinasjonar. Det er nettopp denne innfallsvinkelen Eidseth Rygh har brukt til utstillinga i Bakketunet. Grafiske innslag frå dyreriket som har  naturleg tilknyting til  utstillingsromet, er brukte som utgangspunkt. Bileta i fjøset har fått titlar som refererer til namn på kyr vi har kjent.

Installasjonen i tunet refererer til den ein gong livsnødvendige hesa i bondekulturen.
I  hennar versjon er konstruksjonen utan praktisk funksjon, og for høvet blå som i
”blott til lyst”.

I kammerset denne søndagen har keramikar Rolf Vatn salsutstilling av sine særprega koppar, fat og vasar, som han har arbeidd fram denne sommaren.