Blood, Milk and Honey - a tribute to the art of motherhood

Utstillingsdato: 22.06.2013

Sommarsesongen i Bakketunet opnar med utstillinga BLOOD, MILK & HONEY - a tribute to the art of motherhood, av trekløveret Camilla Prytz, Mia Gjerdrum Helgesen og Gro Mukta Holter.

 

 

 

Gjennom ulike kunstneriske uttrykk ønskjer kunstnarane å hylle mødre og morsrolla, eit tema som rører ved alle menneske, uavhengig av alder, kjønn og kulturell bakgrunn. Alle har ei historie å fortelje, og kunstnarane har sjølv sine sterke og nære historier dei ber med seg. Arven etter mor, tap av mor, ønsket om å bli mor, ung mor, sjuk mor og vekse opp
med ei sjuk mor eller gleda over å bli mor, og valet om å ikkje bli mor. Elementa rundt morsrolla er mange.
 

I Bakketunet har kvinnene alltid vore i fleirtal og garden har gjennom dei siste åra vore ein morsarv. Vi håpar at tematikken
i utstillinga Blood, Milk & Honey opnar opp for ein dialog mellom tid og stad, og er med på å skape engasjement
og ettertanke om eigen identitet og tilhøyrsle. Utstillinga vart første gongen vist i Galleri A i Oslo i 2011 og er ei
vandreutstilling. Kontrastane vert difor store når verka no blir presenterte på gamle veggar i bygningar som ber med seg si historie.

Utstillinga heng t.o.m. 21. juli.