Fjord, fjell og kulturarv

Utstillingsdato: 12.06.2016


I hundrevis av år har det budd menneske i Hjørundfjorden. Mellom fjell og fjord har generasjon etter generasjon levd i pakt med naturen, tilpassa seg samtid og reflektert over framtid. I Bakketunet har på ein måte tida stått stille. Driftsbygningane blei aldri modernisert og kan difor vitne om korleis våre forfedre ein gong levde og arbeidde.

Tidleg på 80-talet fekk Riksantikvaren augene opp for dette gamle sunnmørstunet som då stod til forfall. Eit samarbeid med Hjørundfjord kulturvernlag og eigar av tunet blei etablert, og restaureringsarbeidet starta. For å gjere ei lang historie kort; I dag framstår tunet i betre stand enn nokon gang, og kan truleg overleve nye 500 år!

Fyrstkomande søndag markerer Bakketunet at 20 år med restaureringsarbeid er ferdig. Dette blir gjort med ei ny hovudutstilling i kufjøset som inneheld grafiske arbeid av Ørnulf Opdahl. I kammerset blir det vist fram broderi frå Hjørundfjorden, som er innsamla av Hjørundfjord kulturvernlag for høvet. Det blir også foredrag med Else «Sprossa» Rønnevig der temaet er bygningsvern. Frå bakaromnen blir det mogleg for dei besøkande å komponere sin eigen steinbakte pizza.

Saman med Hjørundfjord kulturvernlag, som har organisert restaureringsarbeidet, har vi òg invitert Riksantikvaren saman med bygningsantikvaren i fylket til Bjørke for å sjå korleis tilskota er nytta i Bakketunet. Dei nasjonale tilskota vert mellom anna brukt der bygningane er automatisk freda, dvs. bygd før 1650. Parallelt med kulturvernlaget sitt arbeid for å restaurere husa til eit normalt vedlikehaldsnivå, har Marita Bett Aakre arbeidd for å bruke tunet med kulturelt og kunstnerisk innhald. Til saman har dette styrka tunet sin identitet og formidla ein kvalitativ rikdom som har nådd langt utover eit lokalt nivå. Dette arbeidet har blitt lagt merke til av Norsk kulturminnefond, som òg vil ta turen til Bakketunet denne søndagen.

Utstillinga kan sjåast søndag 12. og 19. juni. Opningstida er frå kl. 12-17. Inngang kr. 90,- 

Grupper på avtale.