Inger K. Giskeødegård opnar sesongen

Utstillingsdato: 25.05.2014

Søndag kl. 13 er det klart for den femte sommarsesongen i Bakketunet. Hovudutstillar Inger K. Giskeødegård opnar sesongen med ein serie måleri og teikningar som har fått tittelen Norsk kulturlandskap? På opningsdagen er glasblåsar Cornelia Skuggen på plass i kammerset med skjør glaskunst. Under opninga får publikum låne øyre til nasjonalromantisk operasong framført av operasongar Karen Rosenberg Olsen. 

Inger K. Giskeødegård er kjend som ein dyktig teiknar, og har i mange år vore avisteiknar i Sunnmørsposten. I måleria hennar står difor teikninga sentralt, og ho arbeider med blandingsteknikkar der både akvarell, akryl og oljemåling blir nytta. Til utstillinga i Bakketunet har Giskeødegård arbeidd med ein serie nye måleri som har fått tittelen Norsk kulturlandskap? Serien tek opp aktuelle spørsmål kring norsk landbruk. Giskeødegård har dei siste 14 åra arbeidd med motivet husdyr i kulturlandskap, og den beitande kua har etter kvart vorte eit kjennemerke i arbeida hennar. Utstillinga finn passande nok stad i den tidlegare kufjøset i Bakkegarden.

Glasblåsaren Cornelia Skuggen er først ut i rekka av spandande handverkarar som stiller ut i kammerset i Bakketunet i år. Ho driv Celsius Glass Studio, som held til på Devoldfabrikken i Langevåg. Det er mellom anna arbeid frå serien Temari vi får sjå i kammerset denne søndagen. I arbeida hennar ser ein tydelege impulsar frå Japan, der ho òg har budd i to år.

Under utstillingsopninga får gjestene høyre den klingande røysta til sopran og operasongar Karen Rosenberg Olsen. Med gjenklangen frå fjella som einaste lydforsterkar framfører ho eit romantisk operarepertoar inspirert av naturen.