Marthe Aune Eriksen

Utstillingsdato: 15.07.2012

Marthe Aune Eriksen frå Skien er første kunstnar som er tildelt det nyleg etablerte Hjørundfjordstipendet.  

Kjenneteikna for Marthe Aune Eriksen sitt kunstnerskap er undersøkninga av grenselandet mellom by og land, mellom kultur og natur. I neddempa fotografi, karakterisert av strenge komposisjonar, syner ho områder, fasader og byrom som sjeldan fangar vår merksemd.

Søndag 15. juli opnar utstillinga, og vi er sjølvsagt svært spente på kva for motiv og bilete vi kjem til å sjå.   

Les meir om Marthe Aune Eriksen her.