Nedarva retning

Utstillingsdato: 28.08.2016

Søndag 7. august opnar Bakketunet på Bjørke sesongens tredje hovudutstilling med kunstprosjekt Nedarva retning av Arild Våge Berge. Arild kjem opprinneleg frå Ørsta, men studerer for tida på masterprogrammet i kunst ved Kunst og Designhøgskulen i Bergen.

På 60- talet var Arild sin farfar leiar for utbyggjinga av Tussa Kraftstasjon på Bjørke. Prosjektet var stort, krevjande og er ei formidalbel ingeniørbragd som har sørga for livsviktig kraftproduksjon for regionen fram til i dag. I motsetning dei mange ingeniørane i sin familie har Arild valt ei karriere som biletkunstnar. Der ein på 60- talet såg store kraftressursar i naturen ser me i dag også naturen si sårbarheit. Arild har til tider vore bekymra for korleis kraftutbygging kan endre landskapet og har ønska å trå varsomt i naturen. Samstundes har han sidan barndomen beundra evnene som ligg bak ingeniørarbeidet og sett noko vakkert i korleis kraftverka er med å forme omgjevnadane.

I løpet av kunstprosjektet har Arild sin farfar gått bort. Det som no står att er kraftverket som produserar energi, nesten som ei vidareføring av farfars innsats og livskraft. Denne personlege historia dannar utgangspunkt for ei utstilling som ser nærare på forestillingane vi har om mennesket sin relasjon til naturen. Vi set stadig opp grenser mellom det menneskeskapte og det som er naturleg. Men er ikkje forestillinga om det naturlege faktisk ein menneskeskapt ide? Med dei evige naturkreftene, kraftverket som temjar dei og tapet av eit kjært familiemedlem som bakgrunn, ønskar kunstnaren å stille spørsmål om kva vi kan skape, kva vi er i stand til å bevare og kva som til slutt må forsvinne.

Arkivmateriale og funne gjenstandar er kombinert med eigne produksjonar for å skape eit kunstprosjekt som undersøkjer grensa mellom natur og kultur, fortid og notid, materialitet og minne. Prosjektet er gjennomført med støtte frå Tussa Energi.

Under opninga vil gruppa HITYAMAC stå for eit spanande musikalsk innslag.

Utstillingsopning søndag 7. august kl. 13

Ope frå kl. 12-17 søndagar t.o.m. 28. august. Elles etter avtale.