Aggregat Atelierfellesskap

Utstillingsdato: 25.06.2011

Gamal historie vert stilt opp mot nye teknologiske forteljingar når kunstnarane på Aggregat atelierfellesskap viser videokunst på Bjørke.


Laurdag 25. juni kl 12.30 opnar utstillinga “Rørsle” i Bakketunet. Her vil kunstnarane i Aggregat Atelierfellesskap; Karin Augusta Nogva, Stine Q. Vister, Simon Wågsholm og Hilde Rosenberg Bamarni skape ein dialog mellom gamal og ny tid. Gjennom teknologi formidlast ulike tema frå vår eiga samtid. Arbeida blir presentert på ulike stadar i dei ulike bygningene på Bakketunet. Ei ”rørsle” vil verte skapt mellom tider, levande bilete og kjensler.


Arrangementet er eit samarbeid med Dei Nynorske Festspela.