Sesongopning laurdag 22. juni

Utstillingsdato:

Sommarsesong i Bakketunet opnar laurdag 22. juni kl. 12 med utstillinga BLOOD, MILK & HONEY- a tribute to the art of motherhood av trekløveret Camilla Prytz, Mia Gjerdrum Helgesen og Gro Mukta Holter.

Kunstnarne vil ta i bruk fleire av bygningane i tunet når dei presenterar arbeida sine. Teikningar, grafiske trykk, måleri og smykkekunst kan opplevast i dei historiske kulissane. Utstillinga som er ei vandreutstilling, har tidlegare har vore vist i Galleri A i Oslo og i Verdens ende kunstforening, og er å sjå i Bakketunet t.o.m. søndag 21. juli. 

Vi ser fram til opningsutstillinga og ein ny sommar i Bakketunet! Vi har eit flott program, og vi vonar mange vil finne vegen til hit i sommar!