Samtidskunst møter ujålete kulturhistorie

Utstillingsdato: 28.07.2013

I det mange vil kalle trauste og jordnære omgjevnader, og i allefall langt frå urbane, møter skjør samtidskunst ujålete norsk natur og byggeskikk. Med kufjøsen som kulisser og naturen som inspirasjon har årets hjørundfjordstipendiat funne vegen til ei svært annleis utstilling.

Søndag 28. juli kl. 13 opnar ei ny hovudutstilling i Bakketunet. Det er Anngjerd Rustand (30) som i år har fått det nyetablerte Hjørundfjordstipendet. Rustand som til vanleg er busett i Bergen, har dei siste vekene budd i Kunstnarbustaden i Bakketunet på Bjørke for å jobbe med verka til det som blir den andre stipendutstillinga i Bakketunet.

Delikate og maleriske teikningar har vorte skapt under ruvande fjell. Opphaldet på Bjørke har gitt Anngjerd Rustand frå Bergen moglegheit til å skape dei varaste teikningar, men likevel med ei overraskande kraft og med ein tydeleg malerisk strek. Nokre sentrale element i arbeida hennar er reise, tid og naturfenomen, og dei spelar gjerne på kontrasten mellom eit menneskeleg og eit geologisk perspektiv. Utstillinga “The Dust Will Roll Together” er ein oppfølgjar til ei tidlegare utstilling på Entrée i Bergen.

I utstillinga i Bakketunet kan publikum forvente å sjå teikningar og måleri på papir og teiknefolie. Arbeida heng frå taket i kufjøsen og dannar slik ein rommleg installasjon.

Til opninga kjem bjørkeven Egil Olsen og syt for den musikalske opplevinga. Kva vi får høyre er ei overrasking.

Hjørundfjordstipendet er eit samarbeid mellom Ørsta kommune og Galleri Bjørk. Stipendiaten som blir plukka ut av ein jury, får 20 000,- kr. og eit opphald i Kunstnarbustaden på Bjørke. For at kunstnaren skal få oppleve meir av fjorden, sponsar Sagafjord Hotell på Sæbø eit kortare opphald. Stipendet er fortsatt i etablerarfasen, og kan utvidast om andre bidragsytarar er interessert.