Utstillingsdato: 05.08.2012
Søndag 5. august opnar vi ei ny hovudutstilling med maleri og grafikk av billedkunstnaren Tor Arne Moen frå Notodden.
Moen er i tillegg til å vere malar, grafikar og forfattar. Han har vore innom mange ulike konsept og eit stort utval av figurative former for maleri, som bla. akt, portrett, stilleben, interiør, motorkøyrety, landskap og dyremotiv. Moen har utdanninga si i Kunsthøgskolen i Bergen og har hatt ei rekke utstillingar i Noreg.
Utstillinga opnar søndag kl 13. Karen Rosenberg står for det musikalske innhaldet.
Denne dagen vert det lagt opp til utandørs maleaktivitetar for born. Vi set opp staffeli og borna får tilgang til lerret og malesaker.
Sjå kortfilmen som Moen lagde under opphaldet i tunet her: http://www.youtube.com/watch?v=F2fiIXr-4Dc
Ope kvar søndag 12-17. Utstillinga heng t.o.m. 26. august. Ta kontakt om de er interessert i å sjå utstillinga utan om opningstida.
kontakt@galleribjork.no / 91 10 88 46