Trine Røssevold med ny utstilling i kufjøset

Utstillingsdato: 25.06.2016

Ein må leite godt for å finne det vesle, vakre, vekkgøymde Bakketunet på Bjørke. Bjørke i seg sjølv er ein av desse stadane vi knapt veit finnast. Og når vi som er i området høyrer om staden så er det stort sett av dei rette årsakene; fred, harmoni, naturopplevingar, musikk, kunst, kulturhistorie. 

Laurdag 25. juni, under Midtsumar på Bjørke, opnar ei ny hovudutstilling i Bakketunet. I utstillinga ynskjer Trine å trekke inn noko av verdas uromoment til Bjørke. Dei åtte måleria ho viser har titlar som Territorium, Kamuflasje, og Sort. Desse titlane gir peikepinn på teamaverda som ho manøvrerer innanfor.

Seks av måleria utgjer ein serie som går under tittelen Sort ( engelsk: Kind ). I denne serien har kunstnaren tatt utgangspunkt i seg sjølv og måla seks ulike portrett som liknar på kvarandre, men som også er ulike. Her utforskar Trine Røssevold dei kjende identitetsspørsmåla: Kven er vi, kor kjem vi frå, kor skal vi, osv. Noko av inspirasjonen til denne serien har ho frå hendinga som fann stad på grensa mellom Hellas og Makedonia 10.april i år då makedonsk politi skaut gummikuler og brukte tåregass mot 500 flyktningar som forsøkte å ta seg over grensa. Dette  var ei svært urovekkande hending på fleire nivå, og for Trine Røssevold sette den mellom anna i gong prosessen med visuelle grubleri.

Polariseringa rundt omgrepa oss og dei summerer på mange måtar denne utstillinga, og det er også koplinga til bygda Bjørke. Motsetningane får eit ekstra moment når vi i den vakre og trygge idyllen blir invitert til å reflektere kring desse elementa.

Trine Røssevold er 45 år gamal. Ho bur på Valderøya, der ho også har sitt atelier. Trine Røssevold referer til seg sjølv som Målarinna og ho arbeider innanfor ein klassisk måletradisjon der referansar til både historisk måleri og samtidsmåleri er viktige berebjelkar

Alle verka i utstillinga er måla i olje. Nytt av året er at Målarinna har bytta ut terpentin med lavendelolje. Ho viser dermed velluktande måleri med kompleks tematikk.

Denne helga viser Ingrid Cecilie Ulla frå Ålesund vakker glaskunst i kammerset.

På menyen har vi rømmegraut og sommarlege kaker. 

Utstillinga kan sjåast kvar søndag t.o.m. 31. juli.

Laurdag 9. juli under Indiefjord, er tunet ope og Trine Røssevold inviterer til artist talk. Eige program for Indiefjord kjem!