Å skunde seg sakte

Å få på plass eit mat-tilbod som er tufta på lokale råvarer og gamle tradisjonar, er ikkje gjort på ein dag. Og sjølv om det ikkje er heilt i ånda til drivaren av Bakketunet, Marita Bett Aakre, er det nok det som må til. Å skunde seg sakte. 

Det finaste hadde sjølvsagt vore om det dukka opp ein energisk og målretta person med matfagleg bakgrunn, som tok fatt på oppgåva med gledje og iver! 

Artikkelen i Møre, skrive av Stine Akeren Bjørdal, skildrar Kulturminnemiddagen Trend og tradisjon, som synleggjer spennvidda av kva eit slikt tilbod kan innehalde.