Bærbar kunst og argentinske impulsar

Kulturprogrammet i Sunnmøres eldste og mest komplette gardstun byr på mange fine programpostar. Eitt av høgdepunkta denne sommaren er utstillinga med kles- og hattekonseptet bærbar kunst av Irene Myrbostad. Søndag får vi dessutan eit spanande dryss av argentinske impulsar ved Cami Furey og Ulises Palacio. 

Bærbare kunstverk
Irene Myrbostad er hattedesignar og hatteskulptør. Ho har vakse opp på Myrbostad i Fræna, men har i mange år vore busatt i Drøbak og Oslo, der ho også har atelier. Myrbostad er mest kjent for sin produskjon av skulpturelle hattar, som mange kjente personar har hatt gleda av å pryda seg med. Ho er også kjent for sitt arbeid med konseptet bærbar kunst. Til utstillinga i Bakketunet tek Myrbostad med eit utvalg av handlaga kjolar, jakker og sjal i filtlaminat og blandingsmaterialer. Myrbostad seier at ho lagar sofistikerte filtprodukt der gull- og sølvstoff er viktige element. Plagga er som små bærbare kunstverk, som det berre finst eitt unikt eksemplar av. I helga går det an å bestille speiallagde plagg og hattar, seier Myrbostad, som gleder seg til å besøke Sunnmøres svar på Astrup-tunet. For at flest mogelg skal få sjå utstillinga, held vi ope både laurdag og søndag.

Yoga og konsert 
Det argentinske paret Cami Furey og Ulises Palacio har blitt godt kjent i nærmiljøet. Dei har budd på Bjørke i ein månad, og har vist seg for bygda som eit par med spanande ressursar. Ho er utdanna innan contemprary dans og er yoga instruktør. Ulises har utdanninga si innan teater og musikk, og har blant anna jobba i teateret i Bolivia. Søndag avsluttar paret sitt opphald på Bjørke med å tilby oss argentinske impular gjennom  konsert og yoga. Og sjølvsagt står det argentinsk mat og drikke på menyen!

Under konserten i grindløda får publikum sitje i tørrhøyet medan dei lyttar til sangen og dei argentinske tonane frå gitaren til Ulises. I det nybygde te-huset med utsikt til fossar, fjell og fjord, blir det yoga med Cami.

Denne helga er det siste høve til å sjå utstillinga med Trine Røssevold. 

PROGRAM

12:00 Dørene til utstillingane opnar

12.30 Yoga med Cami

14:00 Konsert med Ulises 

Vi serverer den argentinske tradisjonsretten humita al plata. Og yerba mate som er ein velkjent argentinsk te.