Bakketunet søker videokunstnar

Årets tema for utstillingsprogrammet i Bakketunet handlar i år om menneske og natur. Kvar bygning vil vise si unike utstilling, der variasjonen ligg i kvar kunstnar eller handverkar sitt formspråk og teknikk. 

I sauefjøset har vi eit ønske om å vise videokunst og eller videoinstallasjon. Rommet er røft, med mur og treverk som ramme. 

Utstillingsopning er laurdag 29. juni, og varer til 4. august. 

Etter avtale har kunstnaren muligheit til å disponere Kunstnarbustaden i tunet medan utstillinga varer.  

Søknadsfrist 6. april. 

Send inn videoverk med link og kort tekst om verket. 

kontakt@galleribjork.no 

Tunet er kjent for å vere Sunnmøres eldste og mest komplette gardstun. Sidan 2010 har tunet vore ope for publikum på sommarstid. Kvar sommar presenterer tunet nye utstillingar med nye tematikkar. Tunet er godt besøkt, og sidan opninga har fleire tusen menneske vore innom. 

Renate Synnes Handal var ein av utstillarane i 2018 med videoinstallasjonen Suddenly, you completet me. Utstillingslokalet er sauefjøset.