Besøk i tunet

Vegen mellom Austefjorden og Volda er stengd i perioden 30. mai til 12. juli på grunn av vegarbeid, og vi har difor bestemt oss for å utsetje sesongopninga til 15. juli.

I perioden fram til sesongopninga tek vi i mot førehandsbestillingar på gruppeomvisingar og matservering. Det går fortsatt an å kome seg til Bjørke med bil, og kjem ein i retning Volda/Ørsta, kan ein ta ferja frå Volda til Folkestad og køyre via Austefjorden. Om ein tek sjøvegen til Bjørke ligg Bakketunet i gåavstand frå Bjørke Marina som har eiga gjestehamn.   

Utstillingsprogrammet for sommaren byr på mange godbitar sjølv om sesongen i år vert noko avkorta. Vi satsar på å kome sterkare attende sommaren 2013 med utvida opningstider. Vi gler oss til flunkande ny Kvisveg og tunnelgjennomslag og ønskjer spesielt våre nye naboar i Horningdal og Stryn kommune velkomne! Dette gler vi oss til!