Blir det ein ny sesong i Bakketunet 2019?

Det er utrulege 9 år sidan vi så beskjedne opna tunet for besøkande for første gang. Mykje har skjedd på desse åra, og det største og viktigaste målet er nådd. Alle dei seks bygningane er ferdig restaurert, takka vere Hjørundfjord kulturvernlag, Riksantikvaren og Norsk kulturminnefond. 

Parallelt med restaureringsarbeidet, har vi som bur på garden arbeidd med å rydde bygningane og gi tunet eit innhald. Forretningsideen byrja med eit ønskje om å starte kunstgalleri i kufjøset. Etterkvart som bygningane kunne takast i bruk, vaks også ambisjonane rundt innhald. Grindløda har blitt konsertlokale og har fått si eiga mjødkrå, stabburet har blitt gardsbutikk, røykstova fungerer som kafè og samlingsplass, sauefjøs og stall har blitt eigne utstillingrom, og kufjøset er kunstgalleri på tiande året. Kvar bygning har fått nye funksjonar frå eine generasjonen til den andre.  

Det er fint å leve i ei samtid med stor valgfridom. Å vere arvtakar til eit så verdifullt kulturminne er noko eg er glad og takksam for. Å drive kunst- og kulturformidling fell meg heilt naturleg. Motivasjonen for drifta er òg av nostalgisk karakter. Eg vil take vare på det forfedrene mine sleit og arbeidde for, samstundes som eg går med tankar om at denne garden kan danne eit livsgrunnlag for framtidige generasjonar, og skape gode synergiar for Bjørke og Hjørundfjorden. 

Ofte lurer eg på om vi har funne ei god oppskrift for drifta av Bakketunet. Får publikum dei maksimalt gode opplevingane når dei besøker tunet? Tek vi godt nok vare på bygningane? Er det verdt det? Slit vi oss ut? Tener vi nok pengar for å kunne forsvare vår tidsbruk?

Det er mange spørsmål som dukkar opp når ein er arvtakar til Sunnmøres eldste og mest komplette gardstun, og skal drive ein kulturinstutisjon utan driftsmidlar frå det offentlege. 

Så sjølv om sesongen er travel og timeløna er dårleg, kjennest det rett ut. Det gir energi å møte begeistra menneske. Å skape noko nytt tufta på røter og historie gir meining. Og eg set stor pris på fridomen ved å vere min eigen sjef. Her inst i Hjørundfjorden arbeider vi dessutan i verdast vakraste kulisser.

Det blir ein ny sesong i Bakketunet 2019! Vi jobbar i desse dagar med å setje saman eit program for sesongen. Tematikken i år blir Menneske//natur. 

Vi kjem iallefall til å ha ope kvar søndag (og nokre laurdagar) i juli for vanleg besøkande. I tillegg skreddarsyr vi opplegg for grupper som vil besøke oss gjennom heile året. 

Varmt velkomen skal de vere!  

Beste helsing 

Marita Bett Aakre