Kurs i bruk av bakaromn 6.-7. juni

I 2013 fekk vi vår eigen vedfyrte bakaromn på garden. Bakaromnen blei bygd av ivrige kursdeltakarar frå heile landet, leia med stødig hand av murmeister Thor-Arne Svanberg frå Skien. Vi er difor umåteleg glade for å kunne arrangere nye kursdagar i bruk av bakaromn med Else Rønnevig som kursleiar.

Kurset egnar seg for deg som har bakaromn, drøymer om å få ein, eller som har interesse for mat og ønskjer spanande dagar i eit fagleg miljø.

Else Rønnevig, også kjent under namnet «Sprossa», er nærmast å rekne for å vere bakaromnen si mor, og ho har lang erfaring som formidlar og inspirerande foredragshaldar. Ho har gitt ut bøker om både bygningsvern og bakaromnar.

Vi ser fram til å få besøk av «Sprossa», og er temmeleg sikre på at ho vil trivast i Sunnmøres eldste gardstun!

Kurset inneheld:
Foredrag om bakaromnar, historie og bruk
Oppfyring
Praktisk bruk

Foredrag om bygningsvern (søndag)

Kursstart: 
Fredag 6. juni kl. 10-17
Laurdag 7. juni kl. 10-17 

Foredraget søndag byrjar kl. 13 

Pris:
2 500,- kr. per deltakar.
Inkluderar kursmateriell og lunsj begge dagar. Søndag held Rønnevig foredrag om bygningsvern, som òg er med i prisen. Foredraget søndag er ope for alle. 

Påmelding: 

kontakt@galleribjork.no / tlf. 911 08 846                 

Frist for påmelding: 15. mai. 

Biografi

Else Rønnevig er kjent under namnet "Sprossa" som ho fekk rundt 1980 då ho engasjerte seg for å bevare og restaurere originale vindauge i gamle hus.

Rønnevig er utdanna ved Statens lærerskole i Forming, Oslo 1957-59. Ho har vore heimeverande formidlingskunstnar, kommunepolitisk aktiv, vore fylkesleiar og hovudstyremedlem i Fortidsminneforeningen og medlem av Statens Kulturminneråd.
Sidan 1985 har ho drive eige firma med rådgjeving innan kulturvern og bygningsmiljø.
I 2003 blei ho utnemnt til statsstipendiat. Ho har også motteke Lillesand kommunes kulturpris, Urnesmedaljen frå Fortidsminneforeningen, Aust-Agder fylkeskulturstipend og Bonytts veteranhuspris. I 2011 fekk ho Sørlandets litteraturpris for boka Bakerovnen : Verne, bygge bruke, som ho gav ut på eige forlag. Og i 2012 fekk ho Kongens fortenestemedalje for arbeidet ho har lagt ned i bygningsvern.  

Publikasjonar:

• Vern & virke hus og tradisjoner, Sprossa 2013
• Gamle Hus : inspirasjon og mange gode råd, Sprossa 2012
• Bakerovnen : verne, bygge, bruke". Sprossa, 2010
• Fint brød : kultur, oppskrifter og inspirasjon. Samlaget, 2005
• Gamle hus : vern, valg og muligheter'. Aschehoug, 2004
• Bakaromnen : trend og tradisjon. Samlaget, 2001
• Mat og hus : kulturhistorisk kokebok. Bonytt forlag, 1995 (Sammen med Trond Moi)
• Rehab-katalogen : gode råd til deg som skal vedlikeholde, rehablitere eller restaurere gamle hus. Sprossa forlag, 1990. 3 hefter i mappe
 

Foto: Helge Eek

Else Rønnevig kjem til Bakketunet for å halde kurs i bruk av bakaromn. 

Foto: Helge Eek