Champagne og gravøl

Når Bakketunet på Bjørke har sin siste opne søndag i år, er det også siste opne dag der middelaldertunet er tilhøyrande i Ørsta kommune.  Det blir markert med champagne og gravøl.

 

 


Søndag kan dei besøkande få med seg utstillinga Frå Hjørundfjord av mor og datter Anne Mari Jensen og Marita Bett Aakre. I kunstgalleriet i kufjøset blir det servert champagne og gravøl, der ein sjølv kan velge kva som passar best. Kafeen i røykstova er open og byr på varm eplekake.

Gardstunet som har bygningar heilt tilbake til 1549 er eit kulturminne av nasjonal verdi. Dei seks bygningane som utgjer det autentiske gardstunet stod alle til forfall då restaureringsarbeidet tok til på 90 - talet. Eit arbeid som Hjørundfjorden kulturvernlag leia.. Eigarane tok over ansvaret for restaureringa i 2012, og i 2017 var tunet endeleg ferdig restaurert etter nær 30 år med godt arbeid. I innspurten av arbeidet gav Ørsta Kommune 37 000 kr til ferdigstilling av nytt torvtak på sauefjøset.

Vi takkar for god støtte frå Ørsta kommune der spesielt Næringskontoret har vore ein god støttespelar i spørsmål rundt  drifta av tunet. Korleis bygningsmassen hadde sett ut utan hjelpa frå Hjørundfjorden kulturvernlag veit vi. Det hadde vore ringt. Truleg hadde bygningane gått  tapt utan dette fantastiske arbeidet som Per Atle Røe og Synnøve Rekkedal Hill har vore i spissen for. Vi takkar audmjukt.

 

Maleriet «Mot rikare mål å trå» er eitt av maleria i utstillinga Frå Hjørundfjord. Det er malt i ærefrykt og respekt for forfedrene våre som budde og arbeidde i fjorden. Kua i båten, som blir frakta over fjorden til nye beiteområde, er for meg eit symbol for kva Hjørundfjordingen står for, nøysam og tilpassingsdyktig, seier  Marita Bett Aakre.