Cornelia Skuggen stiller ut glaskunst

Glasblåsaren Cornelia Skuggen (fødd 1973) er først ut i rekka av spanande handverkarar som stiller ut i kammerset i Bakketunet i år. Søndag 25. mai er ho å finne i kammerset i Bakketunet. 

Skuggen er ein røynd glasblåsar og har utdanninga si frå Glasskolan Kosta i Sverige og Glas og Ketamikskolen på Bornholm i Danmark. Til dagleg driv ho Celsius Glass Studio, som held til på Devoldfabrikken i Langevåg. Skuggen har hatt mange studiereiser og praksisperiodar rundt omkring i den vide verda, og i dei siste arbeida hennar ser ein tydelege impulsar frå Japan, der ho også har budd i 2 år. Det er mellom anna det siste arbeidet hennar "Temari" vi får sjå denne første opne søndagen i år. Det er sandstøypt glas med vev, inspirert av tradisjonelle, broderte trådballar frå Japan.
 
Utstillinga er open frå kl. 13-17.