Den store ulldagen

Augustprogrammet i Sunnmøres eldste og mest komplette gardstun har natur som tema, og i helga er vi så heldige å få besøk av tre driftige kvinner som alle driv med sau, og i tillegg nyttegjer seg av ulla på ulike måtar i produkta sine.

Frå Mellemgården på Hinnøya kjem Heidi Nilssen som har over 100 villsauer med havutsikt på beite. Til Bakketunet har ho med seg eit utval av skinnfellar. Salsutstillinga inneheld også strikkegarn i naturfargar som er vaska med økologisk såpe og miljøvenleg spunne. Av dette garnet lagar mor til Heidi vottar, lestar og huer. Heidi har gjennom dei siste ti åra utvikla sin eigen kosmetikkserie med namnet Huldra cosmetica. Produkta er handlaga med urter og honning som nokre av ingrediensane. 

Anette Standal driv Brettenes gård som ligg på ei øy i Lofoten. Saman med mannen, som forøvrig har røtene sine frå Hjørundfjorden, driv dei med bla. økologiske kjøttproduksjon. Anette Standal er Birka-handverkar, og er kjend for sitt spenstige klesdesign, der element av ull frå eigne sauer og andre organiske materialer er varemerket. Anette meiner at naturen og klimaet på øya langt nord i Noreg, bidreg til at dyra utviklar ei særleg fin og varm ull. Dette inspirerer henne til å designe produkt med tanke på at dei skal være varme, og designet er leikent og passar for damer i alle aldrar.

Meir kjent i våre trakter er Elin-Grethe Haddal, som syr under namnet Lappelina. På Haddal driv ho og mannen, som òg har røtene sine frå fjorden, eit lite småbruk med sauer. Også desse sauene lever godt med fjell og vidder som beiteområde, og.kanskje har ulla til sauene på Sunnmøre utvikla seg til å tole vete ekstra godt i løpet av sommaren?  Lappelina tek med seg siste rest av dei populære skinnfellane frå Haddal. Med i utstillinga er handsydde kjolar for små og store og andre klede som er laga av blant anna ullfilt.

Hovudutstillinga med Jøran Flo i kufjøset viser vakre naturbilete med inspirasjon frå Sunnmøre og Nordfjordeid.

Ope kvar søndag 12-17, t.o.m. 31. august. Tunet er eit privat gardstun og vi ber om at publikum gjer avtale om besøk utan om opningstida.