Ein eventyrleg sommar er over!

Ord blir fattige når vi freistar skildre sommaren i Bakketunet i år. Frå sesongopninga i mai har veirgudane vore milde og gode mot både grøde, folk og fe, og vi har hatt varme solfylte sommardagar, akkurat slik som vi drøymer om at den perfekte sommaren skal vere.

Fineveiret har vore med på å skape ei særs fin ramme for sommarens program. I år har vi hatt eit rekordstort kulturprogram der høgdepunkta nærmast har stått i kø. Blomebuketten av kunstnarar, handverkarkarar, musikarar og føredragshaldarar har fylt tunet med sanselege godbitar, og gitt oss eit bilete på kva som røyver seg i vår eiga samtid. Kombinasjonen kunst, kultur og natur har berika og gitt oss eit hav av magiske augneblikk.

Kyrne er som kjent blitt bytta ut med kunst- og kulturformidling. Kampen for føda har teke ei ny form. Bygningane har fått nye funksjonar der bruken gjer at vi som private eigarar betre kan take vare på ein nasjonal kulturarv. Denne haldninga støttar òg opp under den gamle bondetankegangen om at ein skal ta vare på bygningane på garden, og alle dei verdiane som garden rommar, for så å levere dei vidare til neste generasjon i enda betre stand enn dei var då ein sjølv tok over dei.

Vi ønskjer å takkar dei nær 2 400 menneska som har vore på besøk hjå oss i sommar, og som difor har gjort det mogleg for oss å drive Bakketunet slik som vi gjer.

Tusen hjarteleg takk for ein eventyrleg sommar alle saman!

Velkomen tilbake under Kulturminnedagane 14. - 21. september.