Eit fantastisk program er klart!

Vår sjette sesong byr på mange spanande programpostar innan ulike kunstformer og handverkstradisjonar. Hovudingrediensane er framleis kunst, kultur og natur, og vi har ikkje gløymt røtene våre i bondekulturen i år heller. 

Robert Steinnes opnar sesongen 24. mai med maleriutstilling. Denne vinteren har betong og modelleringsutstyr blitt byta ut med blanke lerret og penslar. Steinnes har den siste tida fått mykje merksemd kring paddeskulpturen i Austefjorden. Eit arbeid som stadfestar det mange har visst lenge, at han er ein dyktig og allsidig handverkar og kunstnar. Før suksessen med skulpturen, som forøvrig har blitt eit landemerke, assosierte vi gjerne Steinnes med ekspressive måleri med motivkretsen menneske. Og det er desse uttrykksfulle maleria publikum vil få eit gjensyn med i utstillingsrommet i kufjøset første del av sesongen.

Rolf Taraldset frå Hornindalen vil i opningshelga installere seg i kammerset med nye og gamle treskjerararbeid. Han viser fram arbeid frå ein heil mannsalder. Arbeid som vitnar om at han er ein av Noregs sine framste handverkarar på området.

Frå Sogn og Fjordane kjem Jøran Flo. Søndag 26. juli opnar Flo ei ny hovudutstilling i kufjøset. Flo høyrer til den nye generasjonen kunstnarar som arbeidar innan eit klassisk formspråk, men har også funne si eiga form uavhengig av trendar og motretningar. I vinter har han delt grafikkverkstad med Ørnulf Opdahl, og har produsert ein serie nye grafiske verk. Saman med dei grafiske blada, stiller han ut maleri med dynamiske landskap og menneskekroppar, slik som berre Jøran Flo kan male dei.

Kammersutstillar har byrja å bli eit kjent begrep, og denne sommaren har vi òg handplukka utstillarar frå heile landet. Klara Pil og Nina Filtmaker kjem frå Stavanger for å både ha kurs og utstilling i pilmakeri og filt-arbeid. Den kjente illustratøren Mona Stenseth frå Oslo tek med seg familien og kombinerer ferie og utstilling i vakre omgjevnader. Dei flittige deltakarane på Hamna dagsenter er på plass kammerset i sommar for å vise fram og selge produkta sine i kammerset i juni. I kammerset kjem og Line Brenden frå Telemark for å vise fram merket Tora, som er klesdeign med nostalgisk snitt. Karine Munch stiller med sin særeigne smykkedesign siste helg i juli.

I år har vi valgt å ikkje vidareføre ordninga med Hjørundfjordstipendet. Stipendet med påfølgjande utstilling i Bakketunet blei etablert i 2012 og var eit samarbeid mellom Ørsta kommune og Galleri Bjørk. Hovudårsaka til at vi avsluttar stipendet er at ordninga blei for ressurskrevjande. Dessutan ser vi at vi ikkje greidde å gjere stipendet konkurransedyktig med liknande stipend i andre kommunar.

Til gjengjeld har vi denne sommaren ikkje mindre enn tre temahelger. 30.-31. mai inviterer vi til retrohelg med Linda Marie Viddal og Arild Fjukstad. Båe med steke interesser for tidsperioden, men på kvar sine område. Fjukstad stiller med si rikhaldige radio- og teikneseriesamling i kammerset, og deler gjerne av sine kunnskapar om temaet til dei frammøtte. Laurdag blir det offisiell opning av Retrosalongen, der Viddal er vertinne. I Retrosalongen blir det servert varme og kalde drikker i eit interiør henta frå 50- til 70 talet. Salongen blir open gjennom heile sommaren og er å finne i 50-tals huset på garden, som ein gong var bygd som ingeniørbustad for Tussa Kraft LL. Det blir eige utstillingsområde med parkering for syklar og veteranbilar frå retro-perioden. Tidsrett musikk og matservering blir det òg!

20.-21. juni inviterer bygda til «Midtsumar på Bjørke». I Bakketunet arrangerer vi for første gong i historien vikingmarknad! Marknaden har fått namnet «Kjerringkjeften vikingmarknad» etter det fjellet som minner om ei kvinne, som ein ser frå tunet. På marknaden blir det leikar og utstillingar.  Og det vil ikkje forbause oss om det kjem seglande eit vikingskip inn fjorden! Marknaden er eit samarbeid mellom Møre frie vikingar og Bakketunet.

Vi er svært glade for at vi også i år kan setje Indiefjord på plakaten! Musikkfestivalen i fjor blei eit minne for livet for dei mange lokale og internasjonale gjestane, og arrangørane sjølve!  Festivalansvarleg Silja Haddal Mork er i full sving med å organisere Indiefjord 2015, og har lova å plukke ut musikalske godbitar til Bakketunet 12. juli.

I august blir det eige program med temaet gardsprodukt. Enn så lenge held vi korta til brystet. Men vi kan love mange godbitar, bokstavleg tala.