Else “Sprossa” Rønnevig kjem tilbake!

Vi er svært glade for å kunne fortelje at Else Rønnevig har sagt ja til å kome tilbake til Bakketunet og halde eit nytt kurs i bruk av bakaromn. Sist ho var her i 2014, lærte vi om både historien til bakaromnen, korleis ein best mogleg fyrer opp i ein omn og korleis utnytte varmen best mogleg.

I tillegg fekk vi prøvd oss på både pizzasteiking og gjærbakst. 

 

Kurset i år har same innhald, så dei som gjekk glipp av det førre, er hjarteleg velkomne til å delta i år.