Estetikk- og pengeproblematikk

Bakketunet er det eldste og mest komplette gardstunet på Sunnmøre, og inneheld både grindløde, stabbur, stove, stall, ku- og sauefjøs. Riksantikvaren skjøna tidleg at Bakketunet hadde høg  kulturminneverdi, og det er difor over 20 år sidan restaureringsarbeidet byrja. Arbeidet har gitt synlege resultat, og det beste av alt er at bygningane er i så god stand at dei no kan stå nye hundrevis av år, fordi taka er tette og rotskadane er utbetra. Som vil seie at komande generasjonar vil få oppleve og kanskje forstå litt av ei faren tid, der livsgrunnlaget var jordbruk og fiske, og eit velfylt stabbur var eins med rikdom.

Noko av det som er så fint med Bakketunet er at kvar bygning fortel si historie som utgjer ein heilskap. Men det er dessverre ikkje heilt sant at alle bygningane i tunet kan overleve oss alle.

I tunet har vi ei bygning som skiller seg ut i negativt retning, både teknisk og estetisk. Sauefjøsen, som truleg er frå slutten av 1800-talet, har både rotskadar og rustraudt bølgjeblekktak, til stor kontrast frå torvtaka på dei andre bygningane. Sauene er forlengst farne, og i det halvfuktige treverket bur og kosar motten seg. Om forfallet ikkje blir stoppa, vil det ein dag vere forseint for fjøsen. Med det vil heller ikkje historia vere synleg, og omvisaren i Bakketunet kan mellom anna ikkje peike på dørstokken og spørje gjestane om dei kan tenkje seg kvifor dørstokken er nærmare ein meter høg.

Å restaurere sauefjøsen vil koste flesk. Det veit alle som har vore i nærleiken av byggebransjen. For private eigarar er det vanskeleg å bære denne kostnaden aleine. Og heldigvis har vi statlege organ som Riksantikvaren og Kulturminnefondet og stødje oss til. Problemet er berre at sauefjøsen i Bakketunet har ramla mellom to stolar. Han er for ung til at Riksantikvaren kan bidra med økonomiske midlar, då må han fredast. Kulturminnefondet, som har i oppgåve å gi tilskot til verneverdige kulturminne eller kulturmiljø, støttar ikkje tilbakeføring.

I fjor haust søkte Bakketunet Kulturminnefondet om midlar til utbetring av rotskadar og skifte av tak, frå bølgjeblekk til torvtak, som er den opprinnelege taktypa på fjøsen. Kulturminnefondet avslo søknaden med grunngjeving om at dei ikkje støtta tilbakeføring. Avslaget gjorde òg at vi måtte seie frå oss SMIL-midlane som Ørsta kommune hadde tildelt prosjektet.

Bølgjeblekktak har òg ei historie å fortelje. Det har vi ikkje problem med å skjøne, men er det estetisk rett å behalde bølgjeblekken berre for å fortelje historia om at det har redda mangt eit gamalt skur? Bølgjeblekktak i nasjonalromantiske motiv høyrer liksom ikkje heilt saman. Og skal vi verkeleg gå igong med eit stort restaureringsarbeid med utskifting av rotskadar og mott-etne sperrer for å leggje på att det gamle rusta bølgjeblekktaket, berre fordi at Kulturminnefondet sine statuttar tilseier at tilbakeføring ikkje er prioritert? 

Det verkar meiningslaust å leggje inn ein ny søknad på prosjektet når vi veit kva argumenta og mest truleg utfallet blir. Riving kjem ikkje på tale, så vi vonar at sauefjøsen held ut nokre år til under bølgjeblekktaket, til vi har fått omrøma oss.