Familiecamp med barnevakt!

Vi prøver noko nytt! Under årets Indiefjord 9.-10. juli vil det bli mulig for barnefamilier å campe i Bakketunet. Vi stiller området ved Kunstnarbustaden og te-huset til disposisjon, og att på til, tilbyr vi å vere barnevakt for dei som ønskjer å delta på konsertane på kvelden.Telt-gjestar kan bruke fasilitetane som høyrer med i Bakketunet, som uteareal, straum, kjøkken og toalett. 

Det er første året vi freistar med dette tilbodet, og er litt spente sjølve på kor mange som kan tenke seg å nytte seg av tilbodet,  og korleis det utartar seg. Det er viktig for oss at personane som brukar dette tilbodet tek omsyn til dei andre, og vi ber om at det ikkje blir nytta alkohol på camp-området. 

Barnevaktene er fire kjekke jenter i alderen 14-16 år som etter avtale kan sjå etter borna medan foreldra kosar seg på Indiefjord-konsertane på Haukly. Dei tek ikkje på seg ansvaret for dei minste borna. 

Prisar: 

1 overnatting med telt: 300,- kr. (Inkludert inngang i Bakketunet)

2 overnattingar med telt: 600,- kr. (Inkludert inngang i Bakketunet 

Betaling på førehand sikrar plass! (Talet på telt-plassar er begrensa) 

Barnevakt:

50,- kr. timen. 

 

Meld di interesse til Marita Bett som kan nåast på 91108846 eller meldingar på FB Bakketunet på Bjørke.