Fargerik keramikk av Ingeborg Rørvik Lejon

Utstillingsdato: 26.08.2012

Kjensler, fargar og brytningspunktet mellom humor og alvor er hovudingrediensane iIngeborg Rørvik Lejon sin keramikk-kunst. Søndag 26. august avsluttar Bakketunet sommarsesongen med Lejons fargerike keramikk i kammerset. 

Sterke, glade fargar er eit gjennomgående tema i arbeida hennar. Med glimt i auge har Ingeborg alltid vore opptatt av å få kjensler ut gjennom leira, og ho jobbar med å få det enkle uttrykket til å spele på lag med det samansette. Til dagleg eig og driv ho Mekko KeramikkGalleri i Volda der ho både har verkstad og utsal. Ho er utdanna keramikar frå KunstDesignskolen i Oslo, og har dei siste 8 åra delteke på ei rekke kollektive og separate utstillingar fleire stadar i Noreg og i utlandet. Produkta hennar er etterspurde både av privatpersonar, forhandlarar og av næringsliv. Den Kulturelle Skolesekken ved Skoleetaten i Oslo og Opera Nordfjord brukar Lejon sin keramikk som gåver til samarbeidspartnarane sine. Ei spesial-designa  syngedame” fann også vegen til Operasjef Bjørn Simensen ved opninga av Den Norske Opera og Ballett.

Ingeborg er godt kjent for sine vakre kunstfat, uttrykksfulle veggpryd, muntre koppar og mange artige figurane i form av høner, klovnar og syngedamer. - Eg er heilt klart figurativ i uttrykket, og arbeida mine kan skildrast som ein mellomting mellom kunst- og kunsthandverk, seier Ingeborg som kjem rett i frå Rennebumartnan til Bakketunet. Ho gleder seg til å stille ut eit utval av keramikken sin i det romantiske kammerset. 

I sommar har Bakketunet markert seg som eit populært reisemål. Folk i frå heile distriktet har farta til det freda gardstunet inst i Hjørundfjorden for å oppleve gamal byggeskikk i vakker natur og kunst- og handverksutstillingar. 

Også denne sesongen har utstillarane kome frå ulike stadar i landet for å bu i kunstnarbustaden og stille ut i tunet. For mange har det vore første tur til Sunnmøre, og alle har gitt uttrykk for at det har vore ei spesiell oppleving. Nokon har til og med laga film i frå opphaldet!


På søndag sesongavslutning og siste høve for dei besøkande å oppleve tunet i sommardrakt. Siste sjanse er det òg til å sjå hovudutstillinga med måleri- og grafikk av Tor-Arne Moen i frå Notodden .


I frå utekjøkkenet ved kunstnarbustaden serverer vi rømmegraut, og i den 450 år gamle røykstova kan ein nyte ein kopp kaffi og sommarlege kaker.

Ope 12-17