Farmenpakken 2019

Frå mai til august inviterer vi bedrifter, lag og organisasjonar til å oppleve den gamle garden, der ein også får smake på fjordens beste pizza frå vedfyrt steinomn, og vere med på farmenleikar. Pakken høver godt for grupper som skal på blåtur eller sommaravslutning. Turen hit kan kombinerast med andre aktivitetar og gjeremål i fjorden eller i området. 

I omvisinga får ein sjå og høyre historia om dei gamle bygningane og menneska som levde og arbeidde her før. Noko av kunnskapen får ein kanskje bruk for under farmenleikane, så då gjeld det å høyre godt etter.

Frå den vedfyrte steinomnen kan gjestane lage sin eigen pizza, heilt etter eigen smak Råvarene er for det meste kortreiste og økologiske. Botnen er laga med mjøl frå Volda Elektriske mylne, og toppinga set vi saman etter sesongens råvarer. 

Farmenleikane gir gruppa muligheit til å samarbeide om å løyse oppgåvene som kjem. Kvart lag konkurrerer i blant anna styrke, balanse, treffsikkerheit, hurtigheit og kunnskap, der det er opp til lagleiaren å skape eit godt teamarbeid og diffransiere oppgåvene innad i laget. 

Det er også mulig å bestille drikke til farmenpakken. Vi har alkoholservering.