Fisketur med Vestferd og matauk!

I Bakketunet handlar det denne månaden om å kome seg eit steg nærmare naturen, og denne helga tek vi føre oss elementet vatn.

Saman med Vestferd, som nyleg har etablert seg som eit guide- og kursføretak på Sunnmøre, inviterer vi små og store med på fisketur i Hjørundfjorden. Ein kan velje om ein vil fiske frå båt eller frå land. Fisketuren blir avslutta i Bakketunet der ein nyttar fangsten til heimelaga fiskeburgerar. Meir informasjon og påmelding finn de på FB-sida til Vestferd.

Så langt det rekk, får alle som besøker Bakketunet moglegheita til å prøve ut vår nye meny frå bakaromnen; fiskeburger med svært kortreist tilbehør. Og det blir som vanleg sunnmørsk kakebord i røykstovekafeen.

Frå kammerset sel vi ut alle Emmeselle-produkta til halv pris, så her er det mogleg å gjere seg ein god handel på nostalgiske kort og plakatar.

I kunstgalleriet i kufjøset er det bilete av Jøran Flo som er å sjå.  Utstillinga og tunet har ope kvar søndag ut august. Utan om opningstida tek vi imot grupper for omvising og servering.