FonnDesign stiller ut i kammerset

Utstillingsdato: 29.06.2014

Oddlaug Fonn Skaar frå Breim er kvinna bak FonnDesign. Søndag 29. juni pakkar ho med seg dei fantastiske vevnadane sine og kjem til Bakketunet for å stille dei ut i kammerset.

Solide kunnskapar og lang erfaring med vevnad ligg i botn når Oddlaug Fonn Skaar skaper interiør, bruks- og veggtekstilar i flatveven. Hennar innfallsvinkel er å søke mot noko nytt, ofte ved bruk av material – utforske korleis ein kan bruke ulike kvalitetar, kombinere ulike material og eigenskapar i ulike vevteknikkar. Finne samspel so­m gjev den løysinga ho er ute etter, den rette kvaliteten, strukturen, uttrykket. Lin er favorittmaterialet - gjerne i kombinasjon med andre kvalitetar.
- Å arbeide med forskjellig materiale er viktig i vevinga mi. Setje material med ulike eigenskapar saman eller mot kvarandre. Fargar, material, vevteknikk og struktur - skape eit samspel. Naturmaterial som lin er eg svært glad i, og papirgarn, sisal, ull og silke. Av og til må det bli litt meir rampete i form av lin mot plast eller gummi, fortel Skaar som gledar seg til å vere kammersutstillar i Bakketunet. Ho har arbeidd lange dagar den siste tida og har med seg mange nye produkt til utstillinga. 

For dei som ikkje har fått med seg måleriutstillinga «Norsk kulturlandskap?» av Inger K. Giskeødegård er det siste høve denne helga. 6. juli opnar Hjørundfjordstipendiat Øystein Tømmerås ei ny hovudutstilling i kufjøset.