Foredrag og smykkelansering!

Utstillingsdato: 08.06.2014

Søndag 8. juni inviterer Bakketunet på Bjørke publikum til å vere med på både smykkelansering, foredrag om bygningsvern og måleriutstilling. Alt med eit freda gardstun i vakkert fjordlandskap som ramme.

Lansering av smykkekolleksjonen Bonde
Gullsmed Kathrine Berg driv BergArt på Nordfjordeid. Ho produserer smykke i sølv med personleg vri. Gjerne med innslag av ordspel og humor, og veldig gjerne på nynorsk! Tidlegare i år vart ho utnemnd til Bondeven av bondelaget på Eid i samband med planar om ein eigen smykkekolleksjon til hyllest for bonden. Og det er denne kolleksjonen som søndag blir synt fram til publikum for første gong. Kolleksjonen har fått tittelen Bonde og inneheld både ringar og halssmykke, og har landbruksrelaterte dekorelement, anten i form symbol eller ordspel. Lanseringa finn stad i kammerset klokka 12:00, og vi blir ikkje overraska om det dukkar opp fleire bondevener som byr på smakebitar frå norsk landbruk.

Foredrag om bygningsvern
Klokka 13:00 er Else Rønnevig frå Lillesand klar med foredraget «Gamle hus». Rønnevig har ein imponerande CV som viser at ho har arbeidd aktivt med bygningsvern i fleire tiår. For arbeidet sitt har ho vorte heidra med mellom anna Kongens fortenestemedalje og i vår fekk ho tildelt eit formidlarstipend frå Norsk kulturminnefond. I foredraget fortel ho mellom anna om korleis ho fekk interessa for bevaring av gamle hus og kvifor ho har fått tilnamnet «Sprossa». Med bilete frå fleire restaureringsprosjekt, blant anna Villa Snøringsmoen og Bjørkheimstølen i Valdres, gir ho tilhøyraren eit innblikk i tankar ho gjer seg kring sentrale spørsmål i temaet bygningsvern. Kor mykje/lite bør gjerast med eit gamalt hus? Løner det seg å rive eller bygge nytt? Korleis behalde sjela i eit gamalt hus? Ho vil òg fortelje om historia til bakaromnen og kvifor ho selde brød for 90,- kroner stykke sommaren 1991.

Måleriutstilling i kufjøset
Inger K. Giskeødegård opna sesongen med måleriutstillinga «Norsk kulturlandskap?», og det gamle kufjøset med tømmerkasse frå 1860, fekk igjen det rette innhaldet. Giskeødegård har dei siste 14 åra arbeidd med motivet husdyr i kulturlandskap, og den beitande kua har etter kvart vorte eit kjennemerke i arbeida hennar. Hovudutsillinga heng t.o.m. 4. juli.