Fotoforundring!

Utstillingsdato: 20.07.2014

Mjukslitte blomstrande kjolar, pastellporselen, hatteesker, broderte skattar, herregårdsroser, gamle hus og granskogar er nokre av dei elementa Tiril Hauan likar å spele på i fotografia sine. Ho er kvinna bak det lisje fotofirmaet Fotoforundring, og i helga kjem ho den lange vegen frå Stavanger til Sunnmøre for å «fange lys» og stille ut arbeida sine i kammerset.

Tiril Hauan tek for det meste bileta sine utandørs og brukar kun naturleg lys for å gi bileta eit mjukt og naturleg uttrykk. Ho er oppteken av å formidle historier gjennom bileta, som gjerne blir skildra som eventyrlege og drøymande, men samstundes stilreine og klassiske. Laurdag set Tiril Hauan av dagen for dei som ønskjer å kome til Bjørke for å la seg fotografere.

Bakketunet har ein overflod av vakre kulisser, og det skulle ikkje vere vanskeleg å finne dei rette rekvisitane med nostalgisk karakter. Dei som tingar ein fotoshoot kan forvente seg ein svært engasjert fotograf, som ikkje gir seg før dei beste bileta med minneverdig karakter er tekne.

Pris: 6 bilete til odel og eige for 1 800,- kroner. 

Søndag held vi ope for gjestar som ønskjer å sjå den ferske fotoutstillinga i kammerset. Hovudutstillinga med Øystein Tømmerås er å sjå i kufjøset.

Tinging kan gjerast på: Telefon 91 10 88 46 eller kontakt@galleribjork.no