Gardbrukaren

Kvart år blir Kulturminnedagane markert over heile landet med ulike arrangement. Det er Kulturvernforbundet som står bak dagane, og for å få fram mangfaldet i kulturarven vår, har Kulturminnedagane kvart år eit nytt tema.

I år har aktørane vorte gitt eit svært takksamt tema å arbeide ut frå. I høve grunnlovsjubileumet, tek vi i år ei reise i tid og ser på 200 års samfunnsutvikling, som altså er tema for dagane. I Sunnmøres eldste og mest komplette gardstun, er det naturleg å sjå nærmare på gardbrukaren si utvikling. Vi byrja førebuingane allereie i mars, og fekk med oss Hjørundfjorden Kulturvernlag, Sogelag og Bondelag som støttespelarar.

«Gardbrukaren» er eit temmeleg vidt tema. Vi har difor prøvd å plukke ut dei mest sentrale områda, som vi ønskjer å synleggjere gjennom ulike utstillingar og formidlarstunder med kunnskapsrike formidlarar.

Under dagane vil dei besøkande kunne sjå og lære meir om landbruksreiskapar, tekstilar, konservering, byggeskikk, husdyrhald, bryggetradisjonar, korn- og potetdyrking og mattradisjonar. 

Med denne historieformidlinga vonar vi å gjere heider på gardbrukaren som har betydd og framleis betyr så uendeleg mykje for Noreg!