Gardsprodukt og kosmetikk i kammerset

Utstillingsdato: 16.08.2014

Denne sesongen har vi presentert eit rekordstort program med utstillarar frå heile vårt vidstrakte land. I helga er det Heidi Nilssen som kjem den lange vegen frå Vesterålen for å gi gjestene i Bakketunet eit innblikk i og eit døme på nordnorsk gardsproduksjon.

På slektsgarden Mellomgarden på Hinnøya har Heidi Nilssen og familien satsa på sau og har over 100 villsauer på beite med havutsikt. Til utstillinga i kammerset har Heidi Nilssen med seg dei finaste skinnfellane av villsaulam, strikkegarn i naturlege fargar som er sortert etter ulike nyansar, vaska med økologisk såpe og spunne på ein miljøvenleg måte. Ho har òg med seg strikkeprodukt, som bestemora har strikka.  Gjennom dei ti siste åra har Heidi utvikla sin eigen kosmetikkserie, som ber namnet Hulder cosmetica. Produkta er handlag med med urter og honning som nokre av ingrediensane.

Til ære for Heidi som har reist så langt, har vi ope både laurdag og søndag. 

Vi serverer eplekaker båe dagane, og søndag blir det rjømegraut å få. 

Hovudutstillinga med Astri Eidseth Rygh er å sjå i tunet fram til og med 31. august.

Inngang kr. 70,- 

Ope 12-17