Gjensyn med Riss Modell

Utstillingsdato: 22.07.2012

Søndag 22. juli kan Bakketunet presentere ei ny handverksutstilling med høgst nostalgisk og minneverdig karakter. I kammerset vert det gjensyn med Riss Modell som hadde sitt utspring på Bjørke på slutten av 1980-talet.

Handverksbedrifta starta opp under namnet Bjørke Tekstil, og hadde tilhald i dei gamle butikklokala til Jakob Rørstad. Lokala vart brukt til både produksjonslokale og utsal. Bak bedrifta stod det fem driftige damer, Oddbjørg Saure, Elisabeth Rørstad, Jorun Øye Sætre, Torill Boska Bjørke og Olaug Winther Leira, og det vart såleis skapt fleire kvinnelege arbeidsplassar i bygda. I den spede starten var det produksjon av tradisjonell norsk husflid som løparar, åkle, golvteppe og møbelstoff som stod sentralt.

Etter kvart endra verksemda namn til Ny Design og til slutt Riss Modell, og byrja å utvikle eigen design av jakker, ponchoar og andre bruksplagg for både menn og kvinner.

Til utstillinga i kammerset har Jorun Øye Sætre funne fram gamle modellar av det som vart produserte i handverksbedrifta.

I år er det 10 år sidan Riss Modell tok avgjerda om å leggje ned.

– Det er flott å kunne sjå attende på denne perioden med eit gjensyn av dei gamle modellane, seier Sætre som var primus motor for bedrifta i lag med Oddbjørg Saure. Sætre vil fortelje om oppturar og nedturar, og korleis dei saman skapte eit stykke norsk tekstilhistorie.

I fjøsen og i røykstova kan dei besøkjande få med seg fotoutstillinga til hjørundfjordstipendiat Marthe Aune Eriksen. Utstillinga heng fram til 29. juli.

Den nostalgisk innreidde kunstnarbustaden er open for publikum, og i utekjøkkenet er det middag å få.

– Vi oppmodar alle som eig eit plagg ifrå Riss Modell om å stille i det, seier Marita Bett Jensen. Og lovar høg nostalgifaktor i tunet denne søndagen.
 
 

 

 

Foto: Møre Nytt

  

 

Jorun Øye Sætre