Gode Greier kjem til utekjøkkenet

Søndag 28. juli får vi også besøk av God Greier som forsyner oss med sesongprodukt frå årets innhausting! 

Dei tek plass i utekjøkkenet og serverer rabarbrasuppe til svoltne magar. Her vil du også kunne få kjøpe nylaga hylleblomstmarmelade og granskuddsirup i tillegg til dei vanlege produkta som saft, sylte og geléar i ulike variantar. Den etterkvart så berømte hyllebærslusjen er også med!

Gode Greier er ei lita familiebedrift som held til på garden Gjerdsbakk på Dimnøya i Ulstein kommune. Produkta er basert på bær og frukt: saft, sylte, gelé, bærsaus og honning. Kortreist mat som både er miljøvennlig, trygt og ikkje minst godt!

Sjå Facebooksida Gode Greier for meir informasjon!