Godt nytt år!

Vi ønskjer godt nytt år med nyvøla fjøs og nyheita om at vi kjem til å ha ope kvar søndag i heile juli! 

I løpet av denne månaden vil det verte ei hovudutstilling i kuføset, skiftande handverksutstillingar i kammerset, stabburet og sauefjøset, som no har blitt så utruleg fint. Det blir enkel kafè og matservering slik som tidlegare år. Dessutan kan vi glede oss til endå ein sommar med Indiefjord, som i år blir halde 15.-16. juli. 

I tillegg kjem vi til å ta imot grupper med eigne aktivitetar og tilbod om matservering gjennom heile sommaren.

Nytt av i år er at det blir mogleg for organisasjonar og private aktørar å leige tunet til arrangement i månadane juni og august. Vi kan blant anna avsløre at det kjem til å bli Norrøn Urkraftworkshop i august.  

Den nye driftsforma vil forhåpentligvis gi oss som bur i tunet litt meir friheit og sommarferiekjensle! Om du kjem på besøk utan om opningstida vil du truleg finne glade menneske her som anten står i åkeren, malar ved eit staffeli eller som berre spring omkring og luktar på blomane og nyt alt det vakre. For i sommar skal vi leve som frie bohemar i Bakketunet!