“Gratis mat” med Ellen-Beate Wollen

Utstillingsdato: 15.06.2014

Bakketunet har dei siste åra blitt eit populært reisemål for både tilreisande og fastbuande i regionen vår. Den nye vegen har gjort det snerte å kome seg til Bjørke frå båe sider av Kvivstunnelen. Søndag 15. juni tek Ellen-Beate Wollen frå Stranda turen gjennom Kviven for å presentere den nyaste boka si «Gratis mat» i Sunnmøres eldste og mest komplette gardstun.

Boka med det treffande namnet «Gratis mat» kom ut i vår og har klatra seg langt opp på fleire lister over bestselgande bøker. Ellen-Beate Wollen har bakgrunn som journalist med mat, helse og livsstil som spesialfelt, og ho har gitt ut fleire bøker om mat og helse. Til dagleg er ho marknadssjef i Strandafjellet skisenter og Storfjord Hotel. I tillegg driv ho og familien hennar ein hundre år gamal gard i Spania, som produserer vin og dyrkar økologiske mandlar. Vi gler oss til å få besøk av ei driftig dame som på årsmøtet i Sunnmøre Mållag i mars i år fekk målblome og heider fordi ho i marknadsføringa av skisenteret bytte frå bokmål til nynorsk.

Frå utekjøkkenet blir det sjølvsagt servert mat basert på konseptet «gratis mat». 

Hovudutstillinga «Norsk kulturlandskap?» med Inger K. Giskeødegård er framleis å sjå i kufjøset.

Bokpresentasjonen startar kl. 13.