Tilbod til grupper

Laurdag 16. august inviterer vi spesielt grupper til å gjere eit besøk i Bakketunet. Vi byr på omvising i bygningane, besøk i kufjøset med utstillinga av Astri Eidseth Rygh. I kammerset denne helga kan gjester få med seg salsutstillinga med gardsprodukt frå Nord- Noreg, og på menyen tilbyr vi fiskesuppe med steinbakt focaccia til, servert ved vårt 500 år gamle langbord.  

Om ikkje denne datoen høver, kan grupper sjølvsagt gjere avtale om besøk i tunet andre tider.