Hamna Dagsenter stiller ut i kammerset

Utstillingsdato: 13.06.2015

I Bakketunet får vi komande helg besøk av arbeidssame brukarar ved Hamna Dagsenter, som vil fylle kammerset med handverk og nyttige bruksgjenstandar.

Hamna dagsenter er eit unikt dagtilbod for menneske med psykisk utviklingshemming frå Ørsta og Volda kommune. Tilbodet til brukarane ved Hamna dagsenter blir individuelt tilrettelagt utifrå den einskilde sine behov for aktivisering, trening og meistring. For mange er dagsenteret  ein arbeidsplass der tilpassa arbeidsoppgåver gir auka sjølvkjensle, glede og meining i kvardagen.

Vi gler oss til å vise fram produksjonen av tennbrikkar, handstøypte lys, tepper og løparar m.m. til dei besøkande, som verkeleg kan gjere ein god handel! 

Laurdag opnar vi opp for at grupper kan tinge omvising i Bakketunet, som er sagt å vere Sunnmøres eldste og mest komplette gardstun, og samstundes oppleve måleriutstillinga av Robert Steinnes i kufjøset. 

Retrosalongen i den tidlegare ingeniørbustaden til Tussa, er open gjennom heile sommaren og serverer mellom anna varme og kalde drikker i eit interiør frå 50-70 talet. Søndag fyrer vi opp i den vedfyrte bakaromnen og gir dei besøkande mogleheit til å komponere sin eigen steinbakte pizza.