Handarbeid i kammerset

Utstillingsdato: 24.08.2014

Sommaren går mot slutten og Bakketunet kan sjå attende på ein sesong fylt med eit rekordstort kulturprogram der mange av aktørane har kome langvegs frå. Når vi no opnar dørene for sesongens nest siste søndag, er det med ei handarbeidutstilling av svært lokalt preg.

Søndag 24. august tek Solrun Osdal frå Bjørke plass i kammerset med sine mjuke og hundre prosent handlaga produkt. Ho har i mange år hatt hekling, strikking og toving som hobby, og tryllar fram dei lekraste heklakjolar, varme huer og vottar, tova sitteunderlag og andre praktiske og dekorative tekstilprodukt. -Ingenting varmar øyrene betre enn desse tova strikkahuene i rein ull når du sit på ein høg fjelltopp, seier Solrun Osdal, som også har spesialisert seg på rognebærgèle og heimebaka flatbrød med havremjøl frå Volda Elektriske Mylne. Søndag fyller ho opp kammerset med sine unike handlagde produkt. 

Hovudutstillinga med Astri Eidseth Rygh er å sjå i kufjøset t.o.m. 31. august.

Ope frå kl. 12-17 kvar søndag t.om. 31. august. 

Søndag serverer vi eplekake med epler frå eigen hage.