Haust med forteljing og smak


Haustens produktpakke frå Bakketunet handlar om historieforteljing og smak i kombinasjon. Gruppa blir tatt med på ei vandring i dei gamle bygningane der ein får høyre om kvifor Bakketunet er ein nasjonal verdi. Til historieforteljinga blir det presentert smakar med lokale råvarer, med nøye utplukka drikkevarer til.

 

Ein kan velge sjølv kor mange bygningar og smakar ein vil gå igjennom. Dette kan tilpassast gruppas ønske og behov. Vi har alkoholfrie alternativ når det kjem til drikke. Om ein velger å ete middag i tunet er kanskje ikkje smakinga i stova nødvendig, men kan kome som ein del av desserten.  Vi har spesialisert oss på ureist kjelår frå Sellereite, langtidssteikt i vedfyrt steinomn, og tilbyr gjerne dette til middag framover i haust. Minimum 12 personar. Andre prisar for mindre grupper. 

Kontakt oss for tilbod og høgttenking.

91108846 / kontakt@galleribjork.no