Henny Staalnacke først ut i kammerset!

Utstillingsdato: 04.08.2013

Kvar søndag i august vil Bakketunet presentere ein ny og spanande handverkar. Både utstillaren og produkta blir å finne i det rosa og blå kammerset som osar bonderomantikk og svunnen tid.  Der har du moglegheit til å gjere deg kjent med eit unikt handverk, og kanskje gjere eit godt kjøp samstundes som du støttar ein idealistisk handverkarar som vidarefører norsk kulturarv basert på tradisjonelle teknikkar.     

Søndag 4. august (kl. 12-17) kjem Henny Staalnacke frå Stryn til Bakketunet. Ho har sidan 1996 etablert seg som ein av Noreg sine mest spanande designarar og produsentar av dåps- og brudekjolar. Spesielt kjend er ho for sine vakre dåpskjolar som er inspirert av drakt- og bunadstradisjonar frå 1600 og 1700 talet. Dåpskjolane har eit moderne design, men bær samstundes preg av den tradisjonelle dåpskjolehistoria.

Søndag er Staalnacke å treffe i kammerset der ho tek i mot bestillingar på både selskap- og dåpskjolar, og kl 13 og 15 vil ho halde foredrag om historia bak og arbeidsprosessar for sitt skapande arbeid. Og kanskje får vi vite korleis sonen, Simen Staalnacke, har henta inspirasjon frå hennar arbeid til Moods of Norway sine kolleksjonar.  

 

Denne søndagen har Bakketunet eit samarbeid med Naturfestivalen og det er mogelg å fylje MS Hjørundfjord frå Sæbø til Bjørke. Meir informasjon finn du her:

http://naturfestivalen.no/index.php/component/content/article/9-fastesider/31-program-2013-dag