Øystein Tømmerås opnar ny hovudutstilling

Utstillingsdato: 06.07.2014

Årets hjørundfjordstipendiat Øystein Tømmerås har den siste tida budd i Kunstnarbustaden i Bakketunet på Bjørke. Der har han henta inspirasjon og arbeidd med nye verk fram mot utstillinga som opnar søndag 6. juli. Utstillinga er eit resultat av fleire reiser gjennom ulike landskap, og er sett saman av små gjenkjennelege element frå populærkulturen og visuelle augneblinkar som er blitt sett saman til ein heilskap. Resultatet blir å sjå mellom grove tømmerveggar i kufjøset i Bakketunet.

Øystein Tømmerås bur og arbeider i Oslo, men er oppvaksen i Trondheim. Kjenneteikna for Øystein Tømmerås er at han arbeider i eit figurativt formspråk og har ei leikande tilærming til montasjeteknikken. Med utgangspunkt i fotografiske førelegg komponerer Tømmerås interiør og landskap, blanda med bilete frå minnet. I utstillinga i Bakketunet set han saman dei nye verka som er produsert under opphaldet i Hjørundfjorden, med tidlegare verk, og skaper ny historie i Sunnmøres eldste gardstun. Tømmerås er kjøpt inn av Astrup Fearnley museet for moderne kunst, Trondheim kommune og Det norske oljeselskap. Han har hatt fleire utstillingar på Galleri Haaken, og har mellom anna hatt seperatutstilling på Stenersenmuseet i Oslo. Og han har motteke fleire arbeid- og utstillingsstipend frå blant anna Norsk Kulturråd.

På utstillingsopninga kan publikum få møte to unge kvinner som nyleg har teke mastergraden sin i Design og arkitektur og Kunstfag ved Kunsthøgskolen i Oslo. Voldajenta Maria Bjørlykke arbeider med arkitektur og småskaladesign, og har i masteroppgåva si arbeidd med romlege situasjonar i ein kunstnarbustad. Monica Flakk Nordang tek med seg si rykande ferske masteroppgåve der ho har brukt stein som innfalsvinkel, og gjestar i tunet får eit godt innblikk i kva som rører seg i norsk samtid, frå ein nyutdanna kunstnar som er oppvaksen i Hjørundfjorden.

Årets stipendutstilling blir opna med ein minikonsert av Elias Jung frå Lofoten. I Bakketunet vil publikum få høyre han framføre stemningsfull nordnorsk americana i akustisk drakt.  

Fakta om Hjørundfjordstipendet:

Øystein Tømmerås er den tredje ut i rekka av stipendmottakarar for Hjørundfjordstipendet. Arbeidstipendet og opphaldet på Bjørke skal leggje grunnlaget for eit arbeid som blir presentert i Bakketunet. Stipendet er på 20 000 kroner der Ørsta kommune og Galleri Bjørk er bidragsytarar.

Desse har fått stipendet tidlegare:
2012 Marthe Aune Eriksen
2013 Annegjerd Rustand 

Utstillingsopninga er kl. 13:00 

Vi har enkel servering av middag og kaffimat. 

Les meir om Tømmerås her: www.tommeraas.com