Hjørundfjordstrikk

Hjørundfjordstrikk er eit heilt nytt strikkemerke som ønsker å ivareta og fornye norsk strikkekultur og -tradisjon der hovudmålet er å skape nytt strikkedesign som har rot og inspirasjon frå området Hjørundfjorden. 


Gjennom Hjørundfjordstrikk ønsker vi å formidle historier og kulturarv frå nettopp Hjørundfjorden, og skape ei merkevare som blant anna er med på å løfte Hjørundfjorden som reisemål. 


Kufjordkofta er første design frå Hjørundfjordstrikk. Ei kofte som finst i blå- og grøntonar og rosatonar, og som kan kjøpas som strikkepakke, eller som einskild mønster.


«Kufjorden» er eit namn som blei mykje brukt om Hjørundfjorden tidlegare. Dette handla om at gardbrukarar på øyane og lokalt, rodde kyrne sine inn i fjorden, så kyrne skulle få gode beiteområder og dermed meir mjølk. Det synte ei god utnytting av små ressursar. I våre dagar er dette historie.

Kufjordkofta frå Hjørundfjordstrikk får du i fargane rosa eller grøn. Strikkepakkane (mønster + garn)  er levert med Finull frå Rauma og kostar 1 149,-  Mønsteret kostar 100,- kroner og du kan komponere dine eigne fargar. Mønster og strikkepakkar kan kjøpast i stabbursbutikken i Bakketunet, eller bestillast via Vipps under Hjørundfjordstrikk. (Vippsnr Hjørundfjordstrikk 615608) 


Gjennom Kufjordkofta formidlar vi historia om den nøysame Sunnmøringen og synleggjer bakgrunnen for kallenamnet Kufjorden.

Vi har også under arbeid ein eigen Hjørundfjordgensar der mønsteret har henta sin inspirasjon etter eit vevd sengeteppe frå Leira. Åttebladsrosa stammar frå førkristen tid, og skal vere eit lykkebringande symbol for fruktbarheit, overflod og framgang.  Genseren kjem i fire fargekombinasjonar inspirert av årstidene. Denne blir også å få kjøpt som strikkepakke. Lansering søndag 13. september kl. 13 i Bakktunet. Sjå eiga Facebook-hending. 

Hjørundfjordgensaren i fargen haust. Strikkepakke med mønster vil bli lansert 13. september. Tipp om vi gler oss til det! 

Kvinnene bak Hjørundfjordstrikk 

Marita Bett og Linda ror saman om Hjørundfjordstrikk 

Linda Olason Erdal El´Mourabit

Eg har mine røtter i Erdalen, fremst framme i Barstadvika i Ørsta kommune. Her vaks eg opp med ei bestemor som lærte systra mi og meg å strikke, og dette er ein hobby og lidenskap som har fulgt meg sidan. Eg er gift med Mounir, og vi har to flotte jenter saman. Vi bur i Volda, og her trives vi godt. Eg er utdanna barnevernspedagog, og har ein bachelor i kunst og handverk. Eg jobbar deltid på Intersport i Volda, og dette gjer at eg får kombinert to av dei tinga eg likar aller best; friluftsliv og strikking.

Då eg i 2014 jobba med bacheloroppgåva mi i Kunst og handverk, fekk eg for alvor opp augene for eige design. I Bacheloren jobba eg med problemstillinga: Korleis kan eg utvikle mønster og form til ei lusekofte med referansar både til gamle tradisjonar og dagens motebilete.

I kjølvatnet av bacheloren hadde eg fleire uprøvde idear, som krevde å få komme ut, og dette førte til at eg meldte meg på ulike design-og strikke konkuranser. Eg fekk delt fysteplass med min Feforvott, og i facebokgruppa Koftegruppa gjekk eg av med sigeren om å skape koftegruppe-kofta. Denne oppskrifta vart publisert i vekebladet Familien i april 2016. I etttertid har eg jobba av og på med ulike design.

Då eg vart kontakta av Marita Bett, med spørsmål om eit samarbeid om å skape ei Hjørundfjordkofte, trengde eg ikkje lang tid på å bestemme meg; Dette ville eg vere ein del av.

Marita Bett Aakre 

Eg fekk ideen til Hjørundfjordstrikk då ein sambygding, Cecilie Rørstad, snakka om at ho ønskte å få laga eige garn av ulla frå sauene sine. Dette synest eg var ein så god ide at eg sa at vi burde få designa ein genser som kunne vere ein Hjørundfjordgensar, der vi brukte nettopp dette garnet. Eg tok kontakt med Ørsta Næringskontor og Helen Siverstøl for å diskutere ideen. I denne samtalen blei eg tipsa om Linda og strikkedesignet hennar. 

Marita Bett Aakre (f. 1976) er født og oppvaksen på Bjørke i Hjørundfjorden. Ho har to døtre som er født i 2000 og 2001.  I 2010 opna ho dørene til Bakketunet som er Sunnmøres eldste og mest komplette gardstun, og har status som nasjonal verdi. Tunet er ope for individuelt besøkande på sommarstid og tek i mot grupper heile året. Sommartid er tunet fylt med kunst og handverk, der er matservering, og tunet har ei viktig rolle under festivalen Indiefjord. Utan om å drive slektsgarden i skuldersesongen, underviser Marita Bett i Visuell kunst på Volda og Ørsta kulturskule. Når ho har tid driv ho også med eige skapande arbeid innan billedkunst. Det kan også nemnast at Marita Bett er spesielt historieinteressert og opptatt av å finne nye og aktuelle måtar og drive formidling på. For arbeidet ho har lagt ned med drifta av Bakketunet har ho fått Ørsta kommune sin kulturpris i 2016 og Norsk kulturminnefond sitt formidlarstipend i 2017. Og Volda mållag sin Målpris i 2019 for god bruk av nynorsk i marknadsføringa av Bakketunet. 

Logo er designa av Silja Haddal Mork