Indiefjord i Bakketunet

Komande helg 14.-16. juli er det klart for fjerde Indiefjord på Bjørke. Denne helga kokar det av liv og røre i bygda, med gjestar og artistar frå fjern og nær.  Alle i bygda stiller opp og fleire med eigne program. Om du er på Facebook er programmet tilgjengeleg der. 

Programmet i tunet byr på utstillingar, artist talk, ølsmaking og konsertar. Blant anna. Familiar og andre med "god" i orden og åtferd er velkomne til å bruke tunet som base for telting.