Ingrid Ulla med glaskunst i kammerset

Utstillingsdato: 25.06.2016

Under Midtsumar-dagane på Bjørke får publikum høve til å verte betre kjent med Ingrid Cecilie Ulla og dei vakre arbeida hennar i glas.

Ulla har utdanninga si frå Glasskolan i Kosta Boda i Sverige. I 2005 etablerte ho Ingrids Glassverksted As i Moloveien i Ålesund, der lokala fungerer som verkstad og salsutstilling.

Ulla elskar å la kreativiteten råde! Difor har ho ikkje stivna i eitt uttrykk, men arbeider med mange ulike teknikkar og . Ulla har sagt at ho vil ta med seg noko "sært og hjartenært" til utstillinga i Bakketunet. I vår har ho nemleg jobba med nye idear og teknikkar. Vi gler oss til å sjå dei næårmast rykande ferske glasprodukta til Ingrid som blir å finne i kammerset søndag 25. august.

Søndag sluttar sommarsesongen, og det er siste høve til å få med seg utstillinga av årets hjørundfjordstipendiat Anngjerd Rustand frå Bergen.