Ingun Myrstad med særeigne kjolar

Utstillingsdato: 29.07.2012

Designar og kunsthandverkar Ingun Myrstad strikkar feminine kjolar, skjørt og toppar til alle høve. Ho brukar linjer og ornament som framhevar formene til kvinner, og er oppteken av fargar og fargekombinasjonar. Søndag 29. juli stiller ho ut produkta sine i kammerset. 

Ingun Myrstad har hovudfag i Klær og kostyme frå Statens håndverk – og kunstindustriskole i Oslo. Då ho var ferdig utdanna i 2002, flytta ho tilbake til Trondheim. Hausten 2009 forlet ho byen og valde Hasselvika - der ho har vore med i kunstnarkollektivet Låvely. I vinter flytta ho til Klæbu og er no med i Seminarplassen som er eit kulturelt sentrum i Klæbu.   

Ingun byrja tidleg å interessere seg for teikning, tekstilar og fargar. Det heile starta med å sy klede til Barbie-dokkene. Kleda har etter kvart utvikla seg til å verte avansert kunsthandverk med produkt i både ull og bomull. På verkstaden sin lagar ho unike kjolar, skjørt og toppar. Plagga er i bomull av ein tynn kvalitet. Ho strikkar også tilbehør som pulsvarmarar, skjerf og huer i ull. Alt produserast ved hjelp av ei strikkemaskin. Og alle mønstre er det Ingun som utarbeidar. Til trass for at arbeidsverktyet hennar har motor, er det ikkje berre å trykkje på startknappen.

– Sjølv om eg nyttar meg av strikkemaskin, er det like fullt eit handverk, forklarar Ingun.

Ho er oppteken av at kunsthandverk skal vere tilgjengeleg for alle, og at det ikkje treng om å vere luksus å eige eitt eller fleire av hennar produkt.

– Plagga skal dessutan vere lette å bruke og behagelege å ha på seg. For den som kjøper seg ein kjole, blir det fort eit yndlingsplagg, seier ho.

Ingun søkjer spanande fargekombinasjonar og mønster. Det er akkurat det som gjer produkta hennar til noko anna enn dei vovne skjørta ein kan finne i kjedebutikkar.

Søndag kjem ho altså til Bjørke for å stille ut dei spesielle kleda. – Eg har høyrt om Bakketunet gjennom designkollegaer på Sukker i Trondheim som har hatt utstilling i tunet tidlegare. Så då eg fekk invitasjonen, kjende eg til staden frå før og visste at det var ein flott stad å stille ut på. I tillegg vil det verte ei oppleving i seg sjølv å reise dit og oppleve den fantastiske naturen de har på Vestlandet. No er det ei stund sidan eg stilte ut, og det har vore fint å ha eit mål å jobbe fram mot, fortel Ingun.

I kammerset vil ho først og fremst vise klede som kjolar og skjørt med eit feminint tilsnitt og med mykje fargar, men også pulsvarmarar, teppe og puter. Noko av det er heilt nytt, medan andre ting er frå tidlegare prosjekt.

I kufjøsen er det siste helg med fotografiutstillinga til hjørundfjordstipendiat Marthe Aune Eriksen. Den nyoppussa kunstnarbustaden vil vere open for publikum, og ifrå utekjøkkenet kan ein få seg ein matbit.

MS Hjørundfjord har sett opp båtrute frå Sæbø til Bjørke kvar søndag gjennom heile sommarsesongen.