Invitasjon til deltakelse på sommarutstillinga i Bakketunet 2018

Til årets hovudutstilling i Sunnmøres eldste og mest komplette gardstun ønsker vi å vise fram arbeid til unge og etablerte kunstnarar frå heile landet, i form av ei gruppeutstilling.

Temaet for sesongen i Bakketunet er mangfoldig kjærleik, og så lenge menneska har hatt skrifteleg og visuell kultur, har kunstnarar og forfattarar skildra kjærleik og seksualitet i ulike former. I perioder har kunsten spela ei avgjerande rolle for å diskutere og utforme kjønnsidentitetar og gått i bresjen for undertrykte grupper sine rettigheiter.

11. mai i år blir det for første gang arrangert Bygdepride i Volda/Ørsta, og inspirert av denne hendinga vil vi freiste å skape eit utstillingsprogram i Bakketunet som bygger på tematikkar rundt kjærleik.

Vi har lyst til å setje saman ei gruppeutstilling med fleire kunstnarar som tek opp temaet på sin unike måte. Installasjonar og performence er kunstuttrykk vil vi gjerne ha med. Ein performence er spesielt ønskeleg å få til under Indiefjord 14.-16 juli.

Sommarutstillinga vil vere ope frå 1. juli til 29. juli.

Installasjonar og performence vil bli honorert. Vi betaler frakt ein veg, og tek 35% provisjon av solgte verk. Kunstnarar som deltek er velkomne til å bruke Kunstnarbustaden i perioden utstillinga varer.

Peace and love!

Send inn ein uformell søknad til
kontakt@galleribjork.no eller innboken på FB-sida Bakketunet på Bjørke 

Kjærlege helsingar

Marita Bett Aakre